logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Full Push på Ilaget


Popkunstner Hariton Pushwagner poserer på Ilaget kraftverk i Rosendal.
Den feira popkunstaren Hariton Pushwagner, AKA Terje Brofos, nøla ikkje særleg mykje då han augna moglegheita til å sjå eit småkraftverk frå innsida. Så då måtte småkraftkjendis Eivind Tvedt og Mustangen hans legge turen oppom Ilaget.

Lagt ut 07/11-2016

  I serien Medlemsverket har turen kome til ein av pionerane i småkraftnæringa på Vestlandet: Ilaget Kraftverk i Kvinnherad, som er 50 prosent eigd av Eivind Tvedt. Eivind har stor kontaktflate i næringa og er best kjent som ein av gründarane og noverande salssjef og styreleiar i elmek-leverandøren Energi-Teknikk. Og når han sel turbinar og generatorar, veit han kva han balar med. Han har nemleg bygd to kraftverk sjølv på eigedomen sin.
Eivind Tvedt såg fort moglegheitane då småkraftepoken starta litt utpå 1990-talet. Han var tidleg ute med å få starta Energi-Teknikk AS og bygde sjølv litt seinare kraftverket Tveitelvfallet Mikrokraftverk i Tveitelva. Dette gav meirsmak, og i 2007 stod småkraftverket Ilaget Energi ferdig.
Pushwagner i kraftverket
Eivind Tvedt er ein travel og allsidig kar. I tillegg til verksemda si i Energi-Teknikk og kraftverksdrifta har han innreia ein eigen gardsrestaurant på garden sin. Her er stilen amerikansk, og Eivind disponerer også ein1973 modell Mustang Cabriolet. Denne vart nytta til transport då kunstnaren Pushwagner skulle opne ei lokal utstilling. Undervegs kom Eivind og kunstnaren  i prat om småkraftdrifta. Pushwagner hadde aldri sett ei slik produksjonsverksemd på nært hald og ville gjerne ha ein kikk. Det førte til kraftverksbesøk i Ilaget, i tillegg til utstillingsopning.
- Korfor namnet Ilaget, spør vi kraftverkseigaren. 
- Svaret er svært enkelt, får vi høyre. Ilaget er kort og godt det gamle namnet på plassen der inntaket er plassert.
- Korleis kom bygginga av Ilaget i stand, held vi fram. 
– Kraftverksbygging har alltid engasjert meg. Og med engasjementet i Energi-Teknikk og vellukka bygging av eit mikrokraftverk som bakgrunn var det heilt naturleg for meg å gå vidare med å utnytte fallressursane på eigedomen min, svarer Eivind.
- Er du nøgd med løysingane som vart valde? 
– Eg er veldig nøgd, svarer Tvedt. Verket går stabilt og godt. 
– Er det noko du gjerne kunne ha gjort annleis, held vi fram. 
– Det er alltid andre måtar å gjere ting på, seier Tveit. Men andre løysingar ville nok ha vorte dyrare.
- Ilaget var blant dei kraftverka som ikkje fekk sertifikat i fyrste omgang. No har de kome med. Kva hadde det å seie for dykk? 
– At vi endeleg fekk dei lova sertifikata, gjorde at vi kunne få avkastning på den investerte kapitalen vår, vi kom i utbytteposisjon.
- Kva trur du er dei største utfordringane for næringa framover, både kraftverk i drift og dei som enno ikkje har fått bygd ut? 
– Utfordringane er av økonomisk karakter, svarer Tvedt.  Låg straumpris og høge anleggsbidrag for nett i ein del høve er utfordrande.

Fakta:
  • Ilaget Kraftverk
  • Byggeår: 2007
  • Installert effekt: 1.850 kW
  • Produksjon  pr. år: 7,5 GWh
  • Fallhøgd: 430 m
  • Leverandør: Energi Teknikk
  • Eigarar: Svein Hjelmeland og Eivind Tvedt


Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda