logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Ordreboka veks på Stranda


Jonny Jøsok (tv) er prosjektingeniør og Johan Steffen Fivelstad er dagleg leiar i Stranda Ventilasjon.
Stranda Ventilasjon meldar om aukande ordrebok og mange forespørslar på utstyr til kraftverk. Du kan møte dei på Småkraftdagane i Stavanger 28. - 30. mars.

Lagt ut 14/02-2017

I vår serie med presentasjon av messedeltakarar har turen kommet til Stranda Venstilasjon. Dei svarar ved hjelp av Jonny Jøsok som er prosjektingeniør og Johan Steffen Fivelstad som er dagleg leiar.
 
Kvifor deltek du på "Småkraftdagane"? 

- Leveransar av utstyr til kraftstasjonar og trafostasjonar er eit av hovedsatsningsområda våre. Under Småkraftdagane treff vi denne målgruppa, og kan vise produkta vi produserer til besluttningstakarar og innkjøparar av utstyr til små og store kraftverk og trafostasjonar. Samtidig er det ein arena der vi får tilbakemelding på dei produkta vi allereie har levert. På denne måten kan vi videreutvikle oss for å rette oss enda meir inn mot denne marknaden.
 
Kor mange år har du vore med? Er det nokre år du hugsar spesielt godt?

Dette er 5. året vi er med. Dei første to åra som besøkande og dei tre siste åra som utstillar. Messa i Ålesund i 2015 hugsar vi spesielt godt. Dette året var vi med som utstillar for fyrste gong og då fekk vi hyggelege møter med mange av kundane vi berre hadde hatt telefonkontakt med tidlegare.
 
Korleis trur du utviklinga i småkraftbransjen blir dei komande åra?
 
Vi opplever stadig aukande ordremengde. Det er stor interesse og mange forespørslar på utstyr til både nybygg og rehabilitering av gamle kraftverk og trafostasjonar. Som produsent av ventilasjon og kjøleutstyr til denne marknaden ser vi absolutt positivt på framtida.
 
Hva slags produkt / tenester leverer bedrifta du representerer?

Vi leverer utstyr til ventilasjon, kjøling og mengdestyring av luft i kraftverk og trafostasjonar. Våre tjenester går på alt frå prosjektering og engineering, til produksjon og leveranse av traforister, ventilasjonsrister, spjeld, vifter, filter og styringar. Nytt av året er at vi no leverar rister og utstyr etter kundens ønske også i rustfritt og galvanisert stål med tjukkelse opp til 10 mm.

Meld deg på Småkraftdagane her. 


Kalenderen:
04/05-2017:
Kraftseminaret 2017 - Grette