logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Rosendøler leverer til Montenegro


På biletet ser vi ein glad gjeng som feirar at kontrakt er underskriven. Frå venstre; Goran Petrusic, aksjonær i Energi Teknikk, Arild Klette Steinsvik, dagleg leiar i Energi Teknikk, Milan Barachov, Norimport Trading som er agent for Energi Teknikk på Balkan. 4 representantar frå utbyggar av kraftverka.
Torsdag signerte Energi Teknikk i Rosendal avtale om å levera 2 kraftverk i Montenegro. Avtalen inneber at Energi Teknikk skal levera komplett elektromekanisk utrusting til kraftverka Murino 1 og 2.

Lagt ut 24/05-2017

Dette er turbinar på 1 og 1,5 MW med generatorar, kontrollanlegg og hjelpeanlegg. Leveringa vil finna stad rundt årsskiftet og representerer om lag 10 MNOK i omsetnad. 
 
Energi Teknikk har jobba målretta med aktivitet på Balkan og opplev no at selskapet byrjar å få godt fotfeste kor kundane stadfestar betalingsvilje for høg kvalitet frå Noreg. Ordreboka til Energi Teknikk er no på om lag 65 millionar og gjev arbeid til hausten 2018.

Tekst og foto er mottatt fra Energi-Teknikk, red. anm.


Kalenderen:
19/10-2017:
Norges Energidager 2017

31/10-2017:
Zero-konferansen 2017 Grønn Vekst