logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Innestengt kraft kan fjerne eksos


Det er stor båttrafikk på verdensarvfjorden i Geiranger. Det gir lokal forurensing i tillegg til klimautslippene. Foto: sgm/Wikimedia Commons.
Kan innestengt kraft frå Sunnylven fjerne eksosen frå Geirangerfjorden? Sluttrapporten frå prosjektet "Hellesylt Hydrogen Hub" er no klar. Her kan du lese meir og laste ned rapporten.

Lagt ut 05/10-2017

Fleire småkraftfolk var med i prosjektet. Oddbjørn Brunstad representerte fleire lokale småkraftverk medan Lars Petter representerte Småkraftforeninga. Dagleg leiar Knut Olav Tveit i foreeninga deltok og i delar av arbeidet.    

Prosjektleiar var Inge Bjørdal som er næringssjef i Stranda kommune. Her her hans samandrag av arbeidet: 

"Stranda kommune fekk i 2016 tildelt 250 000 kr frå Klima- og miljødirektoratet og ei tilleggsløyving frå Møre og Romsdal fylkeskommunen for å gjennomføre eit forprosjekt der ein skulle vurdere mulegheitene for å bruke overskottsenergi frå småkraftverka i Sunnylven til produksjon av hydrogen, i første rekkje med tanke på ferja Hellesylt – Geiranger, men også med tanke på annan fjordtrafikk og buss / bil.
 
Det spesielle ved situasjonen for kraftproduksjonen i Sunnylven er at linekapasiteten  (Tryggestad – Tomasgård) for transport av el-energi ut av området er for liten. Småkraftverka i området får dermed ikkje produsert den energimengda dei har konsesjon (løyve) til, og dette gir dårlege økonomi  enn den kunne ha vore.
 
Rapporten har dokumentert at produksjon av hydrogen basert på overskottskraft frå lokale kraftverk i Sunnylven er fullt mogleg, både teknisk og økonomisk. Men sjølvsagt må det finnast kundar/avtakarar av hydrogen dersom nokon skal investere i produksjonsutstyr og infrastruktur. Ambisjonen var - og er framleis - å få aktuelle aktørar som driv fjordtrafikk på verdsarvfjorden til å gå over til nullutsleppsteknologi, men vi har hittil ikkje lukkast med å få klare signal på slike satsingar. Det er å håpe at dei offentlege tilskottsordningane blir lagt så godt til rette at aktørane finn dette interessant.
 
Dei aller viktigaste føresetnadene for å etablere hydrogenforsyning til fjordtrafikken og annan trafikk (buss, bil, gods) i området er altså avklarte gjennom dette prosjektet, og vert dette teknologiskiftet tilstrekkeleg stimulert, meiner vi at det er realistisk å få til ein overgang til utsleppsfri fjordtrafikk i verdsarvfjorden."

Last ned rapporten her. 


Kalenderen:
19/10-2017:
Norges Energidager 2017

31/10-2017:
Zero-konferansen 2017 Grønn Vekst