logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

- Gjer dette før det blir akutt


Dagleg leiar Jon Gimmestad i Accountor Gloppen under Kraft i Vest-konferansen.
- Det er viktig å førebu og planlegge generasjonsskifte i god tid før det vert aktuelt, heldt Småkraftforeninga sin allsidige rekneskapsførar Jon Gimmestad fram under Småkraftseminaret på Kraft i Vest-konferansen.

Lagt ut 06/10-2017

Dagleg leirar hjå Småkraftforenigna sitt nye rekneskapssamband Accountor Gloppen, Jon Gimmestad, er ein allsidig fagperson med mykje innsikt i og røynsle frå småkraftbransjen. Under Kraft i Vest-konferansen på Sandane vart det køyrd ein parallellsesjon med Småkrafttema med 50 - 60 deltkarar. Her var Jon Gimmestad hyra inn for å snakke om temaet "Korleis handtere eigar- og generasjonsskifte".

- Temaet kan vere krevjande, og mange går ikkje inn i problemstillinga frå starten av når dei skal i gang med kraftveket, heldt Gimmestad fram. Men det er som regel ei dårleg løysing å vente med avklaringar til ein har ei akutt sak som må løysast. Har ein ikkje særskilde vilkår tekne inn i vedtekter eller aksjonæravtale, er det aksjelova sine generelle reglar som gjeld.

-I vurderinga av kven som skal ha høve til å eige aksjar i kraftverket står ofte interessene knytte til lokalt eigarskap og næringsverksemd mot risikoen for å få innelåste verdiar og interessene til mellom anna arvingar som har flytt ut av bygda. Dei som etablerer eit privat småkraftverk bør drøfte gjennom desse problemstillingane før det blir snakk om aksjeoverdragingar - og verte samde om kva for køyrereglalar ein vil ha, slo Gimmestad fast og synte døme på ein del formuleringar i vedtekter og aksjonæravtale som regulerte desse tilhøva.

Kalenderen:
19/10-2017:
Norges Energidager 2017

31/10-2017:
Zero-konferansen 2017 Grønn Vekst