logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Meld deg på dagane her!


Olav Skeie, prosjektansvarleg for Småkraftdagane.
Olav Skeie er klar med program og påmelding til Småkraftdagane. Her får du all nødvendig informasjon!

[LINK]

Lagt ut 18/01-2018

Til alle bransjeaktørane 
 
Tysdag - torsdag, 20. - 22. mars inviterer NVE og Småkraftforeninga til bransjen sin viktigaste møteplass i 2018. Lokasjonen er den same som i 2016, Quality Hotel Edvard Grieg, på Sandsli, omlag 10 minutt biltur frå flyplassen på Flesland.
 
Myndighetstoppane kjem til oss 
 
Vi er stolte av å kunne fortelje at vassdrags- og energidirektør Per Sanderud opnar konferansen tysdag 20. mars kl. 10:00, og på onsdag 21. mars får me besøk av sjølvaste energiminister Terje Søviknes frå Olje- og energidepartementet, som vil gje oss dei store liner i energipolitikken framover. 
 
Me har som vanleg eit omfattande program, der NVE har regien på innhaldet tysdagen. Onsdagen er det politikk, kraftmarknad og økonomi. Torsdagen er det presentasjon av leverandørar, teknikk og meir praktisk retta gruppeseminar og kurs på ettermiddagen inkludert bedriftsbesøk og synfaring.
 
Utover det faglege, har vi i tråd med tidlegare års arrangement også lagt opp til eit variert sosialt program, med omvising hjå 7 Fjell Bryggeri, joggetur for dei som vil ha litt frisk luft i kveldinga, quiz og bankett. 
 
Spennande nytt i år er at Norsk Hydrogenforum legg si generalforsamling og heildags fagsamling til vårt hotell, som eit parallelt seminar på torsdagen, 22. mars. 
 
Medlemsarrangementet på formiddagen er lukka, medan fagseminaret etter lunsj er ope for alle. Like så synfaringa til H2-fyllestasjonen i Åsane (nord for Bergen sentrum) i kveldinga torsdagen.
 
Populært arrangement 

"Småkraftdagane" har dei siste åra samla vel 400 deltakarar og omlag 50 utstillarfirma. Så langt er det alt over 30 firma som har bestilt messeplass – kjekt. Det lovar bra for årets bransjesamling. Vi samlar hydrogen-utstillarane i separat lokale, der også medlemsmøte etc. blir arrangert.
 
Hyggeleg hotellpris. 
 
I år som i fjor, så lønner det seg med tidleg påmelding. Fram til 1. februar så er det berre 995 inkl. MVA for eit enkeltrom, men ventar du til dagane straks før arrangementstart, så er prisen 1.695.
Prisliste, program, utstillaroversikt og linkar for påmelding etc. finn du på http://www.smakraftdagane.no
Noter at det er separat påmelding i eigen link dersom du bare skal delta på «NVE-dagen» 20. mars, som også har gratis inngang – men du må betale for lunsj/pausemat. Fritt val om du vil betale med kort eller faktura. Vi har også EHF-faktura i samsvar med gjeldande krav frå offentleg sektor.
 
Booking-support

Dersom du har praktiske spørsmål rundt påmelding, faktura, kortbetaling, endringar av reservasjon etc., så kontakt vår tekniske arrangør og booking-ansvarleg, Conventor AS, Støperigata 38, 4014 STAVANGER, som har kontortid mellom 8 og 16, måndag til fredag. Kontaktpunkta er telefon (+47) 51 52 90 99 eller e-post: support@eventogkonferanse.no
 
Vel møtt til fagleg påfyll og nettverksbygging i Bergen ultimo mars ! 
 
 
Beste helsing


Olav Skeie

Prosjektansvarleg
Kontor: +47 379 34 090 Mobil: +4790151150
Epost: olav.skeie@smakraftforeninga.no
 
 
 
 
 
 
 
 
 


Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager