logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Lokale FSE-kurs med "nogo attåt"


Dagfinn Nilssen frå Fagkurs Elektro held FSE-kurs under Småkraftdaganei Bergen 22. mars i år.
Dei som vil vere med på FSE-kurs i haust utan for lang reiseveg, bør melde seg snarast til Småkraftforeninga. Desse uforpliktande påmeldingane vil danne grunnlaget for endeleg plan for elsikkerheitskursa i haust. Vi har alt mange deltakarnamn på lista, men ynskjer fleire for god kursplanlegging. Og somme plassar vil deltakarane få litt attåt kurset.

Lagt ut 26/06-2018

I 2015 starta Småkraftforeninga opp med FSE-kurs for medlemmene, etter at DSB ved tilsyn hadde gitt avvik for manglande elsikkerheitsopplæring for småkraftvakter med høve til å handtere vern og brytarar på kraftverket. Den gongen var kravet frå DSB også til småkraftvaktene at repetisjonsopplæring med praktisk førsthjelp med hjarte- og lungeredning skulle skje kvart einaste år.

Etter rekasjonar frå medlemmene på dette arbeidde Småkraftforeninga gjennom 2016 med temaet og fekk seinhaustes aksept frå DSB på at det typiske medlemskraftverket i Småkraftforeninga normalt kan leggje inn i internkontrollsystemet sitt at forsvarleg opplæring er teke vare på ved opplæringskurs kvart tredje år.

I haust er det mange småkraftvakter blant medlemskraftverka som vil passere 3 års-grensa. Småkraftforeninga vil difor halde kurs i alle område der det melder seg tilstrekkeleg deltakartal - ca. 15 personar. I tilllegg til sjølve kurset, vil vi saman med samarbeidspartnarane våre på nokre av kursa ha med korte innslag om medlemstilboda på forsikring og kraftsal. Deltakarane vil få info og høve til å stille spørsmål.

Denne førebels kursplanene for september - okotober er sett opp:

  • Trøndelag: (Trondheimsområdet):        Torsdag 6. september
  • Hordaland (Voss):                                      Tysdag 11. september
  •  Ryfylke (Sand):                                           Onsdag 12. september
  • Østlandet:                                                     Tysdag 18. september
  • Sogn og Fjordane (Nordfjord):               Torsdag 18. oktober
  • Sunnmøre: (Ørsta/ Volda):                       Tysdag 23. oktober

Småkraftforeninga vil tilpasse kurstilboda til førehandspåmeldingane og halde fleire kurs i fall interessa tilseier det. Kursa høver også for dei småkraftvaktene som ikkje har teke elsikkerheitsopplæring enno. Så langt det er plass, kan også dei som ikkje er med i Småkraftforeninga, melde seg på. Kursa vil vare ca. 3,5 til 4 timar.

Dei som enno ikkje har meldt førehandsinteresse for kurs, kan gjere dette til
Småkraftforeninga, v/ organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, e-post: terje@smakraftforeninga.no, tlf. 97517111.

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo