logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Forsikring og kraftsal med på FSE-kurs


Otto Færøvik og Kine Rød frå Marsh på tur til kraftverk i Gloppen.
På kursrunden Småkraftforeninga køyrer med elsikkerheitskurs i haust nyttar vi også høvet til kort presentasjon av samarbeidspartnarane våre på kraftsal og forsikring. Representantar for Skagerak Energi og Marsh/ KLP vil vere representert på dei fleste kursa. Det er kursstart 6.9 i Stjørdal og kurs på Voss og Sand i kommande veke.

Lagt ut 04/09-2018

På dei 5 kursa Småkraftforeninga held i Trøndelag, Vestlandet og Austlandet i september og oktober vil deltakarane også kunne få nærare informasjon om Småkraftforeninga sine medlemstilbod på kraftsal og forsikring. Representantar frå Skagerak Energi og Marsh/ KLP vil vere med på arrangementa. Stadig fleire av medlemmene finn det lønsamt å nytte seg av desse tilboda.

FSE-opplæringa vil framleis vere det sentrale på arangementa, slik at deltakarar som allereie har avtale med Skagerak og/ eller Marsh/KLP, eller ikkje er interessert i nye tilbod, ikkje vert hefta særleg i FSE-opplæringa som Dagfinn Nilssen frå Fagkurs Elektro står for. Men det vil bli korte presentasjonar av medlemstilboda frå samarbeidspartnarane ved kursstart og høve til kontakt med representantane i pausen og etter kurset for dei deltakarane som ynskjer dette.

På det fyrste kurset i Stjørdal 6. september deltek Charlotte Sivertsen og Barbro Årvik frå Skagerak Energi, Kine Rød frå Marsh og Jonas Pedersen frå KLP. I veka etter er det kurs på Voss 11. september på på Sand i Ryfylke 12. september, også her med deltaking frå samarbeidspartnarar. Siste kurset i september går på Austlandet 18.9. Så vert det kurs att på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane 18. og 23. oktober.

Spørsmål og påmelding kan rettast til organisasjonsrådgjevar Terje Engvik,
e-post terje@smakraftforeninga.no, tlf. 975 17 111.

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo