logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Kjøp av el.sertifikat på kraft solgt privat

Viktig om elsertifikatplikt

Kraftprodusentar som tar ut kraft til eige bruk eller sel direkte til eigne kundar er el.sertifikatpliktige, og må registrere seg i NECS. Her finn du all den informasjonen du treng for å gjere dette etter regelverket.

Under elsertifikatsystemet er alle som sel kraft, om det er uttak til eige bruk eller sal direkte til egne kundar, elsertifikatpliktige.

Dette gjelder ikkje kraftverk med på-stempla merkeyting under 100kVA.




Alle elsertifikatpliktige i nett som ikkje omfattast av FOR 1999-03-11 nr 301: Forskrift om måling, avrekning og samordna opptreden ved kraftomsetning og fakturering av nettenester (avrekningsforskrifta) må sjølv innan midten av påfølgande kvartal registrere avrekningsrelevant mengde elektrisk energi i føregående kvartal i elsertifikatregisteret. Registreringa blir med andre ord ikkje gort av nokon andre. Den elsertifikatpliktige skal kunne dokumentere at oppgitt berekningsrelevant mengde er korrekt.


Innan følgjande datoar skal den enkelte elsertifikatpliktige i eige nett registrere sitt beregningsrelevante volum i NECS. Med beregningsrelevant volum menes forbruk eller leveransar av elektrisk energi som er elavgiftspliktig (jmf. elsertifikatforskriftas §19 om berekningsrelevant mengde elektrisk energi):

  • 15. februar: Registrere berekningsrelevant volum for hele føregåande kalenderår i NECS.
  • 15. mai: Registrere berekningsrelevant volum for første kvartal i inneverande år i NECS.
  • 15. august: Registrere aggregert berekningsrelevant volum for første til andre kvartal i inneverande år i NECS.
  • 15. november: Registrere aggregert berekningsrelevant volum for første til tredje kvartal i inneverande år i NECS.



Korleis gjer ein dette i NECS

  1. Gå til Elsertifikatplikt> Direkterapportering

  2. Klikk "Søk"

  3. Klikk "Legg til" for å opprette nytt år eller klikk "Rediger" for å endre aktuelt år.

  4. Fyll inn år og MWh

  5. Klikk "Legg til"



Kva nå – om du trur du er for seint ute?


Steg 1: Sjekk om du er elsertifikatpliktig

Kven som er elsertifikatpliktige er regulert i forskrifta § 18: Alle som leverer elektrisk energi til sluttbrukar, alle som forbruker elektrisk energi som er eigenprodusert, og alle som kjøper elektrisk energi til eige forbruk på den nordiske kraftbørsen eller gjennom bilateral avtale.

Elsertifikatpliktas omfang er regulert i forskrift § 19: Den elsetifikatpliktiges berekningsrelevante mengde elektrisk energi i det einskilde år, multiplisert med elsertifikatkvota (forholdstallet) som er fastsett for det same året etter lov om elsertifikat. Ein reknar med at den elektriske energien er elavgiftspliktig. Er den elektriske energien fritatt for el-avgift (jmf. avgift på elektrisk kraft 2011), er du ikkje elsertifikatpliktig. El-sertifikatplikt etter § 18 omfattar kun berekningsrelevant mengde elektrisk energi jmf § 19.

Dersom du er usikker på om du skal betale el-avgift, bør du kontakte ditt regionale toll og avgiftskontor.

Steg 2: Send melding til NVE om din el-sertifikatplikt

Alle elsertifikatpliktige skal sende melding til NVE. Meldingsskjemaet heiter "Melding om elsertifikatplikt", og ligg i Altinn.

Du kan logge inn i Altinn på fleire måtar:

• ID-porten/MinID
• Eingangskodar frå Altinn
• Passord og eingangskode på SMS
• Smartkort frå Buypass
• Virksomhetssertifikat

Les mer om innlogging hos Altinn

For å kunne melde inn sin plikt til NVE, må personen som fyller ut skjemaet ha rolla «Tjenester Norges vassdrags- og energidirektorat». Om den som skal melde i frå på vegne av kraftverkseigar ikkje har tilgang til denne tenesta, kan følgjande personar få delegert denne rolla i Altinn: bestyrande reiar, administrerande direktør, daglig leiar, deltakar ANS/DA, innehavar, komplementar, rekneskapsførar, revisor eller styrets leiaer.

Steg 3: Søk om elsertifikatkonto i NECS

Den elsertifikatpliktige må opprette konto hos Statnett. Det er den registeransvarlege, Statnett, som handterer oppretting av kontoen. Informasjon om elsertifikatkontoar finn ein på Statnett sine nettsider. NVE minner om at alle elsertifikatpliktige skal ha eigen elsertifikatkonto, men kontoeigaren kan ved fullmakt overlate disponeringa av kontoen til andre.

I registreringa får ein spørsmål om GS1/Ediel-nummer. Dersom den elsertifikatpliktige er i et nett som ikkje omfattast av FOR 1999-03-11 nr 301: «Forskrift om måling, avregning og samordnet opptreden ved kraftomsetning og fakturering av nettjenester» (avregningsforskrifta) og verken har eit GS1 nummer eller Ediel-nummer, kan selskapet registrere sitt organisasjonsnummer pluss fire nullar.

Registrering av NECS-konto er gratis.

Se «Hvordan opprette elsertifikatkonto» på Statnett sine nettsider.

Se «Vilkår for opprettelse og innehav av elsertifikatkonto» på Statnett sine nettsider.


Andre fristar

Fristen for å godkjenne at forbruket som gir berekningsgrunnlaget for sertifikatplikta er korrekt er 1. mars.

Den enkelte må sjølv gje beskjed dersom man er ueinig i grunnlag. Du skal registrere klage i NECS og sende inn dokumentasjon til elsertifikater@statnett.no. Likevel vil vel dei fleste småkraftprodusentar kun ha forbruk i eige nett og slik sett stå for dokumentasjonen sjølv.

Innan 1. april må man ha skaffa minst det antall sertifikat ein må ha for å dekke inn sin sertifikat-plikt. Småkraftforeninga anbefaler at ein tar kontakt med det selskapet ein har avtale om kraftomsetning eller elsertifikatomsetning med for å hjelpe med dette. Dersom antall sertifikat på kontoen er mindre enn sertifikatplikta 1. april, får selskapet ei tilleggsavgift.

Kjøp av elsertifikat til egne kunder

Den elsertifikatpliktige kan dekke inn sin elsertifikatplikt på 2 måtar:

  • Ved kjøp frå lokal netteigar

  • Ved kjøp frå ein kraftomsettar

Som elsertifikatpliktig kraftprodusent skal du fakturere dine straumkundar for det elsertifikatpliktige volumet som til einkvar tid er fastsett i kvotekurva. Kvotekurva viser en %-sats som viser kor mykje av konsumet som til ein kvar tid er elsertifikatpliktig.  Kvotekurva auker i storleik fram mot 2020 for deretter å bli redusert kvart år ned til år 2035. Det pliktige volumet må produsenten kjøpe anten hos sin lokale netteigar eller hos ein  kraftomsettar. Produsenten kan velje å fakturere straumkunden kontinuerleg gjennom året eller f.eks. ved ei  årsavrekning.

Produsenten må sende ei oversikt over forbruket som produsenten har selt til egne kundar til kraftomsettar/netteigar.  Dette kan skje kontinuerleg gjennom året eller som ei årsavrekning. Ved små volum kan det vere mest hensiktsmessig med ei årsavrekning. Ei årsavrekning inneber at du får lik el-sertifikatpris for heile volumet. Det er derfor viktig at det er samsvar med omsyn til avrekningsfrekvens mot privat straumkunde som mot kraftomsettar/netteigar. Dette for ikkje å utsette seg for ein prisrisiko. Avreknar ein straumkundar ein gang i året, så skal elsertifikatkostnad på faktura vere lik faktura produsenten mottar frå netteigar/kraftomsettar.




Kalenderen: